1 Av David.Til deg, Herre, ropar eg.Mitt berg, tei ikkje, vend deg ikkje frå meg!Svarar du meg ikkje,blir eg lik dei som har gått i grav.
2 Høyr mi bøn når eg ropar til deg om hjelp,når eg lyfter hendene minemot Det høgheilage i ditt tempel.
3 Riv meg ikkje bort med dei skuldige,med dei som gjer urett.Dei talar venleg med sin neste,men har vondskap i hjartet.
4 Gjev dei att for det dei har gjort,for deira vonde handlingar!Gjev dei att for det hendene deira har gjort!Lat dei få det dei fortener!
5 For dei kjenner ikkje Herrens gjerningar,det han gjer med sine hender.Han skal riva dei nedog ikkje byggja dei opp att!