1 Ein salme av David då han rømde for Absalom, son sin.
2 Herre, kor talrike mine fiendar er!Mange reiser seg mot meg.
3 Dei seier om meg:«Hos Gud er det inga frelse for han.» Sela
4 Men du, Herre, er eit skjold for meg,du er mi ære, du lyfter mitt hovud.
5 Eg ropa høgt til Herren,og han svara meg frå sitt heilage fjell. Sela