2 Herre, kor talrike mine fiendar er!Mange reiser seg mot meg.
3 Dei seier om meg:«Hos Gud er det inga frelse for han.» Sela
4 Men du, Herre, er eit skjold for meg,du er mi ære, du lyfter mitt hovud.
5 Eg ropa høgt til Herren,og han svara meg frå sitt heilage fjell. Sela
6 Eg la meg ned og sovna,eg vakna, for Herren held meg oppe.
7 Eg er ikkje redd ti tusensom samlar seg mot meg på alle kantar.
8 Reis deg, Herre! Frels meg, min Gud!Du slår alle mine fiendar på kjevenog knuser tennene til dei lovlause.