1 Ein salme. Ein song til tempelvigsla. Av David.
2 Eg opphøgjer deg, Herre,for du drog meg opp,du lét ikkje fienden fryda seg over meg.
3 Herre, min Gud, eg ropa til deg,og du lækte meg.
4 Herre, du førte mi sjel opp frå dødsriket,du gav meg liv på nytt då eg var i grava.
5 Spel for Herren, de hans trugne,pris hans heilage namn!
6 Ein augneblink varer hans vreide,heile livet varer hans nåde.Om kvelden kjem gråt som gjest,om morgonen blir det gledesong.
7 Eg kjende meg trygg og sa:«Aldri skal eg vakla!»