4 Herre, du førte mi sjel opp frå dødsriket,du gav meg liv på nytt då eg var i grava.
5 Spel for Herren, de hans trugne,pris hans heilage namn!
6 Ein augneblink varer hans vreide,heile livet varer hans nåde.Om kvelden kjem gråt som gjest,om morgonen blir det gledesong.
7 Eg kjende meg trygg og sa:«Aldri skal eg vakla!»
8 Herre, i din velviljesette du meg på fast fjell;men så løynde du ditt andlet,eg vart gripen av redsle.
9 Til deg, Herre, ropa eg,eg bad til Herren om nåde:
10 «Kva tener det til at blodet renn,at eg går i grav?Kan vel støvet prisa deg?Kan det forkynna din truskap?