6 Ein augneblink varer hans vreide,heile livet varer hans nåde.Om kvelden kjem gråt som gjest,om morgonen blir det gledesong.
7 Eg kjende meg trygg og sa:«Aldri skal eg vakla!»
8 Herre, i din velviljesette du meg på fast fjell;men så løynde du ditt andlet,eg vart gripen av redsle.
9 Til deg, Herre, ropa eg,eg bad til Herren om nåde:
10 «Kva tener det til at blodet renn,at eg går i grav?Kan vel støvet prisa deg?Kan det forkynna din truskap?
11 Høyr meg, Herre,ver meg nådig! Herre, ver mi hjelp!»
12 Du vende mi dødsklage til dans,du tok sekkestrien av megog kledde meg i glede.