1 Til korleiaren. Ein salme av David.
2 Herre, eg søkjer tilflukt hos deg,lat meg aldri bli til skamme!Fri meg ut i di rettferd!
3 Vend øyret til meg,skund deg og redd meg!Ver meg eit vern og eit berg,ei borg til frelse!
4 Du er mitt fjell og mi borg;for ditt namn skuld fører og leier du meg.
5 Løys meg or garnet dei har spent ut for meg!For du er mi tilflukt.
6 I dine hender gjev eg mi ånd,du løyser meg ut, Herre, du trufaste Gud.