11 Livet mitt endar i sorg,åra mine i klage.Min styrke sviktarpå grunn av mi skuld,beina i kroppen svinn.
12 Eg blir til spott for fienden,til hån for grannane,ei redsle for dei som kjenner meg,dei som ser meg på gata, vik unna.
13 Som ein død er eg gløymd av menneske,lik eit kar som er kasta bort.
14 For eg høyrer mange som kviskrar– å, redsle på alle kantar! –når dei samlar seg mot megog legg planar om å ta mitt liv.
15 Men eg set mi lit til deg, Herre,eg seier: «Du er min Gud.»
16 Mine tider er i di hand,fri meg frå fiendar som jagar meg!
17 Lat ditt andlet lysa over din tenar,frels meg i di miskunn!