13 Som ein død er eg gløymd av menneske,lik eit kar som er kasta bort.
14 For eg høyrer mange som kviskrar– å, redsle på alle kantar! –når dei samlar seg mot megog legg planar om å ta mitt liv.
15 Men eg set mi lit til deg, Herre,eg seier: «Du er min Gud.»
16 Mine tider er i di hand,fri meg frå fiendar som jagar meg!
17 Lat ditt andlet lysa over din tenar,frels meg i di miskunn!
18 Herre, lat meg ikkje bli til skamme,for eg ropar til deg.Lat dei urettferdige stå med skamog gå stille til dødsriket!
19 Lat lygande lepper tagna,dei som talar frekt mot den rettferdigemed hovmod og forakt.