5 Løys meg or garnet dei har spent ut for meg!For du er mi tilflukt.
6 I dine hender gjev eg mi ånd,du løyser meg ut, Herre, du trufaste Gud.
7 Eg hatar dei som held seg til vind og fåfengd.Sjølv set eg mi lit til Herren.
8 Eg vil jubla av glede over di miskunnfordi du har sett mi naud,du kjenner mi trengsle.
9 Du gav meg ikkje over i handa til fienden,men førte meg ut i ope land.
10 Ver meg nådig, Herre,for eg er i naud.Auget sløvest av bitter sorg,pust og kropp svinn bort.
11 Livet mitt endar i sorg,åra mine i klage.Min styrke sviktarpå grunn av mi skuld,beina i kroppen svinn.