1 Rop av fryd for Herren,de rettferdige!Det er rett at dei rettskafnesyng lovsong.
2 Pris Herren til lyre,spel for han på tistrengja harpe!
3 Syng ein ny song for han,spel vakkert og rop med jubel!
4 For Herrens ord er sant,alt han gjer, kan ein lita på.
5 Han elskar rettferd og rett,jorda er full av Herrens miskunn.
6 Ved Herrens ord vart himmelen skapt,heile himmelhæren ved pusten frå hans munn.
7 Han samla havvatnet som i eit kar,la havsens djup i forråd.