4 For Herrens ord er sant,alt han gjer, kan ein lita på.
5 Han elskar rettferd og rett,jorda er full av Herrens miskunn.
6 Ved Herrens ord vart himmelen skapt,heile himmelhæren ved pusten frå hans munn.
7 Han samla havvatnet som i eit kar,la havsens djup i forråd.
8 Heile verda må frykta Herren,alle som bur på jorda, må skjelva for han.
9 Han tala, og det skjedde,han baud, og det stod der.
10 Herren skiplar rådet folka legg,bryt planane folkeslag tenkjer ut.