11 Falske vitne reiser seg,dei spør meg om slikt eg ikkje veit.
12 Dei løner godt med vondt,eg sit att åleine.
13 Men eg kledde meg i sekkestrie då dei var sjuke.Eg plaga meg med fasteog bad med hovudet bøygd
14 som for ein ven eller bror.Lik ein som sørgjer over mor si,gjekk eg nedbøygd i svarte klede.
15 Men når eg snåvar,blir dei glade og samlar seg.Dei samlar seg mot meg for å slåutan at eg veit om det,dei riv og slit utan stans.
16 Ugudelege som dei er,spottar og håner dei,dei skjer tenner mot meg.
17 Herre, kor lenge vil du sjå på?Berg mitt liv frå herjingane deira,det einaste eg har, frå løvene!