21 Dei sperrar opp munnen imot megog ler hånleg: «Vi har sett det med eigne auge!»
22 Du ser det, Herre. Tei ikkje!Herre, ver ikkje langt borte frå meg!
23 Vakna og hjelp meg til min rett,min Gud og Herre, før mi sak!
24 Døm meg etter di rettferd, Herre, min Gud.Lat dei ikkje gleda seg over meg!
25 Dei skal ikkje le og tenkja: «Som vi ønskte!»Dei skal ikkje seia: «Vi har slukt han.»
26 Alle som gler seg over mi ulukke,skal bli til spott og skam.Dei som ser ned på meg,skal kle seg i skam og vanære.
27 Dei som bryr seg om min rett,skal jubla og gleda seg.Alltid skal dei seia: «Stor er Herren,som ønskjer fred for sin tenar.»