5 Han legg vonde planar på leiet.Han vel ein veg som ikkje er god.Han viser ikkje frå seg det vonde.
6 Herre, til himmelen når di miskunn,til skyene rekk din truskap.
7 Di rettferd er som mektige fjell,som det store havdjup er dine dommar. Herre, du bergar både menneske og dyr.
8 Kor verdfull din kjærleik er, Gud!I skuggen av dine venger søkjer menneskeborna ly.
9 Dei får nyta overfloda i ditt hus,du lèt dei drikka av gledebekken din.
10 For hos deg er livsens kjelde,i ditt lys ser vi lys.
11 Lat di miskunn vara for dei som kjenner deg,di rettferd for dei ærlege av hjartet.