5 Legg din veg i Herrens hand!Set di lit til han, så grip han inn.
6 Han lèt di rettferd stiga opp som lyset,din rett som høglys dag.Dalet ד
7 Ver still for Herren og vent på han!Harmast ikkje over den som lukkast med sin veg,den som set i verk vonde planar!He ה
8 Gjev slepp på vreiden, lat harmen liggja!Bli ikkje arg, det fører til det vonde.
9 For valdsmenn skal ryddast ut,men dei som ventar på Herren, skal arva landet.Waw ו
10 Om ei lita stund er den lovlause borte.Ser du etter han der han var, er han ikkje der.
11 Men dei hjelpelause skal arva landetog gleda seg over varig fred.Zajin ז