1 Ein salme av David. Til påminning.
2 Herre, refs meg ikkje i din vreide,straff meg ikkje i din harme!
3 For dine piler har råka meg,di hand kviler tungt på meg.
4 I kroppen er ingenting uskadd,for du er harm,ikkje eit bein er heilt,for eg har synda.
5 Skulda veks meg over hovudetlik ei bør som er altfor tung.
6 Eg har sår som luktar og renn av verkpå grunn av min dårskap.
7 Eg er kroket og nedbøygd,eg går og sørgjer dagen lang.