10 Herre, du kjenner min lengsel,mitt sukk er ikkje løynt for deg.
11 Hjartet hamrar, krafta sviktar,sjølv lyset i auga har forlate meg.
12 Vener og dei som står meg nær,held seg borte frå mi plage,mine næraste held seg langt unna.
13 Dei som står meg etter livet,set snarer for meg.Dei som vil meg vondt, talar om å skada meg,dei grundar dagen lang på svik.
14 Men eg er lik ein døv, eg høyrer ikkje,eg er lik ein mållaus som ikkje opnar munnen.
15 Eg er lik ein mann som ikkje høyrerog ikkje har svar i sin munn.
16 Men det er deg, Herre, eg ventar på.Du vil svara meg, Herre, min Gud.