14 Men eg er lik ein døv, eg høyrer ikkje,eg er lik ein mållaus som ikkje opnar munnen.
15 Eg er lik ein mann som ikkje høyrerog ikkje har svar i sin munn.
16 Men det er deg, Herre, eg ventar på.Du vil svara meg, Herre, min Gud.
17 Eg sa: Lat dei ikkje gleda seg over megog ikkje briska seg når foten min er ustø.
18 For eg held på å falla,mi smerte står alltid for meg.
19 Ja, eg vedkjenner mi skuldog sørgjer over mi synd.
20 Men fiendane lever og er sterke,dei som hatar meg utan grunn, er mange.