3 Eg vart mållaus og still,eg tagde til inga nytte.Mi smerte vart verre.
4 Hjartet brann inni meg,elden flamma opp medan eg stønna.Eg sa med mi tunge:
5 «Herre, lær meg at eg skal døy,kor få og tilmålte mine dagar er,så eg kan skjøna at mitt liv tek slutt.»
6 Sjå, ei handfull levedagar har du gjeve meg,mi levetid er som ingenting for deg,kvart menneske er eit pust. Sela
7 Som skuggebilete går dei omkring.Fåfengt uroar dei seg.Dei samlar i hop, men veit ikkje kven som skal ha det.
8 Men no, Herre, kva skal eg venta på?Berre til deg står mi von.
9 Fri meg frå alle mine synder!Gjer meg ikkje til spott for dårar!