6 Sjå, ei handfull levedagar har du gjeve meg,mi levetid er som ingenting for deg,kvart menneske er eit pust. Sela
7 Som skuggebilete går dei omkring.Fåfengt uroar dei seg.Dei samlar i hop, men veit ikkje kven som skal ha det.
8 Men no, Herre, kva skal eg venta på?Berre til deg står mi von.
9 Fri meg frå alle mine synder!Gjer meg ikkje til spott for dårar!
10 Eg teier. Eg lèt ikkje opp munnen,for dette er ditt verk.
11 Ta bort den plaga du la på meg!Eg går til grunne når du slår med di hand.
12 Du refsar og straffar ein mann for hans synd,som møllen ét du det han har kjært.Mennesket er eit pust. Sela