4 Herren styrkjer han i sjukdomen;du forvandlar leiet hans når han er sjuk.
5 Men eg seier: «Herre, ver meg nådig;læk meg, for eg har synda mot deg!»
6 Fienden talar vondt om meg:«Når skal han døy og namnet hans gå til grunne?»
7 Kjem det ein og ser til meg,talar han tomme ord.Hjartet hans samlar på det vonde,så går han ut og talar om det.
8 Alle som hatar meg, kviskrar saman,dei legg vonde planar mot meg:
9 «Noko vondt har råka han,no ligg han der og står aldri meir opp.»
10 Jamvel venen min som eg leit på,han som åt ved mitt bord,lyfter hælen mot meg.