6 Fienden talar vondt om meg:«Når skal han døy og namnet hans gå til grunne?»
7 Kjem det ein og ser til meg,talar han tomme ord.Hjartet hans samlar på det vonde,så går han ut og talar om det.
8 Alle som hatar meg, kviskrar saman,dei legg vonde planar mot meg:
9 «Noko vondt har råka han,no ligg han der og står aldri meir opp.»
10 Jamvel venen min som eg leit på,han som åt ved mitt bord,lyfter hælen mot meg.
11 Men du, Herre, ver meg nådig og reis meg opp,så eg kan gje dei att.
12 Når fienden ikkje får triumfera over meg,veit eg at du har di glede i meg.