9 «Noko vondt har råka han,no ligg han der og står aldri meir opp.»
10 Jamvel venen min som eg leit på,han som åt ved mitt bord,lyfter hælen mot meg.
11 Men du, Herre, ver meg nådig og reis meg opp,så eg kan gje dei att.
12 Når fienden ikkje får triumfera over meg,veit eg at du har di glede i meg.
13 Fordi eg er heil, held du meg fast,du lèt meg alltid stå for ditt andlet.
14 Velsigna er Herren, Israels Gud,frå æve til æve!Amen! Ja, amen!