1 Til korleiaren. Ein læresalme. Av Korah-songarane.
2 Som hjorten lengtar etter bekker med vatn,lengtar mi sjel etter deg, min Gud.
3 Mi sjel tørstar etter Gud,etter den levande Gud.Når skal eg få koma fram for Guds andlet?
4 Tårer er mitt brød dag og natt.Dagen lang spør dei meg:«Kvar er din Gud?»
5 Dette minnest eg,min lengsel vell fram:Til Guds hus vandra eg i festskarenmed jubelrop og lovsong– ein pilegrimsskare i fest.
6 Kvifor er du sorgtyngd, mi sjel,kvifor er du uroleg?Eg vil venta på Gud!Endå ein gong skal eg prisa han,min frelsar og min Gud.
7 Eg er sorgtyngd,difor går min tanke til degfrå Jordan- og Hermonlandet,frå berget Misár.