1 Til korleiaren. Av Korah-songarane. Ein læresalme.
2 Gud, vi har høyrt det med eigne øyre,våre fedrar har fortalt ossom gjerninga du gjorde i deira tid,i gamle dagar.
3 Med di hand dreiv du folkeslag ut,men du planta våre fedrar;du fór ille med folka,men lét våre fedrar fara fritt.
4 Dei tok ikkje landet ved sverd.Deira eigen arm gav ingen siger,det var di høgre hand og din armog lyset frå ditt andlet,for du hadde dei kjær.
5 Berre du er min konge og Gud,som byd at Jakob skal bergast.