11 Du lét oss vika tilbake for fienden,dei som hata oss, rana til seg hærfang.
12 Du har gjort oss til slaktefeog spreidd oss mellom folka.
13 Du har selt ditt folk til spottpris,du tok ikkje stor betaling.
14 Du har gjort oss til spott for våre grannar,til hån for dei som bur ikring oss.
15 Du har gjort oss til eit ordtak mellom folka,du lèt folkeslag rista på hovudet av oss.
16 Dagen lang er mi vanære framfor meg,andletet er dekt av skam
17 under ropa frå dei som håner og spottar,ved synet av fienden og hemnaren.