21 Om vi gløymde vår Guds namnog lyfte våre hender til ein framand gud,
22 så ville vel Gud ha funne det ut,han som kjenner dei løynde tankane i hjartet?
23 Men for di skuld blir vi drepne dagen lang,vi blir rekna som slaktesauer.
24 Reis deg! Kvifor søv du, Herre?Vakna, støyt oss ikkje bort for alltid!
25 Kvifor løyner du ditt andlet,kvifor gløymer du vår naud og trengsle?
26 Vi søkk ned i støvet,vi ligg pressa mot jorda.
27 Reis deg og hjelp oss,fri oss ut i di miskunn!