4 Dei tok ikkje landet ved sverd.Deira eigen arm gav ingen siger,det var di høgre hand og din armog lyset frå ditt andlet,for du hadde dei kjær.
5 Berre du er min konge og Gud,som byd at Jakob skal bergast.
6 Ved deg støyter vi fienden ned,ved ditt namn trakkar vi på dei som står oss imot.
7 For eg set ikkje mi lit til bogen,det er ikkje sverdet som bergar meg.
8 Nei, du har frelst oss frå fienden,dei som hatar oss, gjorde du til skamme.
9 Vi frydar oss alltid i Gud,vi prisar ditt namn til evig tid. Sela
10 Likevel har du støytt oss bort og ført skam over oss,du drog ikkje ut med våre hærar.