10 Kunne han vel leva evigog aldri sjå grava?
11 Sjølv vismenn døyr, det kan alle sjå,med dårar og uforstandige går dei til grunne.Dei etterlèt sitt gods til andre.
12 Grava blir deira heim for evig,ein bustad frå slekt til slekt,dei som samla seg jord i sitt eige namn.
13 Med all si praktkan mennesket ikkje vara.Det liknar dyra som må døy.
14 Slik går det med dei som lit på seg sjølve,og med dei som følgjer etterog gleder seg over deira ord. Sela
15 Som sauer fer dei til dødsriket,døden er deira gjetar.Dei rettskafne skal herska over deinår morgonen renn.Deira skapnad tærest bort,i dødsriket skal dei ha sin bustad.
16 Men Gud vil kjøpa meg fri frå dødsrikets grep,for han vil ta meg til seg. Sela