2 Høyr dette, alle folk,lyd etter, alle som bur i verda,
3 høg og låg, rik og fattig!
4 Min munn talar visdom,det hjartet tenkjer, er forstand.
5 Eg vil venda mitt øyre til visdomsord,tyda mi gåte til klangen frå lyra.
6 Kvifor frykta i vonde dagar,når eg blir kringsett av svikarars vondskap?
7 Dei set si lit til sitt godsog skryter av sin store rikdom.
8 Ingen kan kjøpa fri ein bror,ingen kan gje Gud løysepengar for han.