2 Herre, høyr mine ord!Lytt til mi klage!
3 Høyr mitt rop om hjelp,min konge og min Gud,for eg bed til deg.
4 Herre, om morgonen høyrer du mi røyst,tidleg ber eg fram mitt offer og ventar.
5 Du er ein Gud som ikkje toler urett.Ingen vonde får bu hos deg.
6 Dei hovmodige får ikkje stiga fram for dine auge.Du hatar alle som gjer vondt,
7 du gjer ende på dei som talar løgn. Herren avskyr drapsmenn og svikarar.
8 Men ved di store miskunnkan eg gå inn i ditt hus.Eg kastar meg ned i ærefrykt for deg,vend mot ditt heilage tempel.