4 Herre, om morgonen høyrer du mi røyst,tidleg ber eg fram mitt offer og ventar.
5 Du er ein Gud som ikkje toler urett.Ingen vonde får bu hos deg.
6 Dei hovmodige får ikkje stiga fram for dine auge.Du hatar alle som gjer vondt,
7 du gjer ende på dei som talar løgn. Herren avskyr drapsmenn og svikarar.
8 Men ved di store miskunnkan eg gå inn i ditt hus.Eg kastar meg ned i ærefrykt for deg,vend mot ditt heilage tempel.
9 Herre, lei meg i di rettferdså fienden ikkje når meg.Gjer vegen din jamn for meg!
10 For det finst ikkje sanning i deira munn,forderva er deira indre.Strupen er ei open grav,og tunga er glatt.