8 Det er ikkje for dine slaktoffer eg viser deg til rette,dine brennoffer er alltid framfor meg.
9 Men eg tek ikkje oksar frå ditt huseller bukkar frå dine kveer.
10 For alt viltet i skogen er mitt,dyra på dei tusen fjell.
11 Eg kjenner alle fuglar i fjellet,krypet på marka høyrer meg til.
12 Var eg svolten, sa eg det ikkje til deg,for jorda og det som fyller henne, høyrer meg til.
13 Skulle eg eta kjøt av oksareller drikka blod av bukkar?
14 Du skal ofra lovsong til Gud,oppfylla dine lovnader til Den høgste!