1 Til korleiaren. Ein salme av David,
2 då profeten Natan kom til han etter at han hadde vore hos Batseba.
3 Ver meg nådig, Gud, i din kjærleik,stryk ut mitt brot i di store miskunn!
4 Vask meg rein for skuldog reins meg for mi synd!
5 For mine brot kjenner eg,mi synd står alltid for meg.
6 Mot deg åleine har eg synda,det som er vondt i dine auge, har eg gjort.Difor har du rett når du talar,du er rein når du feller dom.
7 Ja, med skuld vart eg fødd,med synd vart eg til i mors liv.