7 Ja, med skuld vart eg fødd,med synd vart eg til i mors liv.
8 Sjå, du gler deg over sanning i mitt indre,du lærer meg visdom i det løynde.
9 Ta bort mi synd med isop, så eg blir rein,vask meg, så eg blir kvitare enn snø.
10 Lat meg få oppleva fryd og glede,lat beina du knuste, få jubla.
11 Løyn ditt andlet for mine synder,stryk ut all mi skuld!
12 Gud, skap i meg eit reint hjarte,gjev meg ei ny og stødig ånd!
13 Driv meg ikkje bort frå ditt andlet,ta ikkje frå meg din heilage Ande!