4 Du legg planar som er til skade.Tunga er lik ein kvass kniv.Ho fer med svik.
5 Du elskar vondt meir enn godt,løgna meir enn sanne ord. Sela
6 Du elskar kvart ord som gjer skade,du svikefulle tunge.
7 Difor skal Gud slå deg ned for alltid,ta deg og riva deg ut av ditt telt.Han skal rykkja deg opp med rot,bort frå landet til dei levande. Sela
8 Dei rettferdige skal sjå det og frykta,dei skal le av han:
9 «Sjå på han. Han gjorde ikkje Gud til sitt vern,men sette si lit til sin store rikdomog brukte sin styrke til å skada.»
10 Men eg er som eit oliventre,grønt og frodig i Guds hus.Eg set mi lit til Guds miskunn, til evig tid.