7 Difor skal Gud slå deg ned for alltid,ta deg og riva deg ut av ditt telt.Han skal rykkja deg opp med rot,bort frå landet til dei levande. Sela
8 Dei rettferdige skal sjå det og frykta,dei skal le av han:
9 «Sjå på han. Han gjorde ikkje Gud til sitt vern,men sette si lit til sin store rikdomog brukte sin styrke til å skada.»
10 Men eg er som eit oliventre,grønt og frodig i Guds hus.Eg set mi lit til Guds miskunn, til evig tid.
11 Eg vil alltid prisa deg fordi du greip inn.Med dine trugne set eg mi von til ditt namn,for det er godt.