12 Øydelegging rår der inne,svik og vald vik ikkje frå torget.
13 Var det ein fiende som spotta meg,kunne eg bera det.Var det ein uven som såg ned på meg,ville eg gøyma meg for han.
14 Men det er du, min like,min gode ven og kjenning,
15 vi som tala fortruleg samanog gjekk i festtog i Guds hus.
16 Lat døden koma over dei,lat dei fara til dødsriket midt i livet!For dei har vondskap i heim og hug.
17 Men eg vil ropa til Gud,og Herren skal frelsa meg.
18 Kveld og morgon og midt på dagenklagar og sukkar eg,og han skal høyra ropet mitt.