17 Men eg vil ropa til Gud,og Herren skal frelsa meg.
18 Kveld og morgon og midt på dagenklagar og sukkar eg,og han skal høyra ropet mitt.
19 Han skal fria meg frå strid og gje meg fred,endå mange går mot meg.
20 Gud skal høyra og audmjuka dei,han som tronar frå eldgammal tid. SelaFor dei forandrar seg ikkje,dei fryktar ikkje Gud.
21 Fienden legg hand på sine vener,han bryt si pakt.
22 Hans tale er glattare enn smør,men han har strid i sinne.Hans ord er mjukare enn olje,men dei er dregne sverd.
23 Kast di bør på Herren,han vil sørgja for deg!Han lèt aldri den rettferdige vakla.