2 Vend øyret til mi bøn, Gud,løyn deg ikkje når eg bed.
3 Lytt til meg og gjev meg svar!Eg er kvilelaus i mi sut.Eg er ute av meg,
4 for fienden ropar,dei lovlause trykkjer meg ned.Dei velter urett over meg,rasande går dei mot meg.
5 Hjartet vrid seg i meg,eg er gripen av dødsangst.
6 Eg skjelv av frykt,eg er overvelda av redsle.
7 Eg sa: Hadde eg berre venger som dua!Då flaug eg bort og fann meg ein bustad.
8 Langt av garde ville eg rømma,i ørkenen ville eg slå meg ned. Sela