6 Eg skjelv av frykt,eg er overvelda av redsle.
7 Eg sa: Hadde eg berre venger som dua!Då flaug eg bort og fann meg ein bustad.
8 Langt av garde ville eg rømma,i ørkenen ville eg slå meg ned. Sela
9 Eg ville skunda meg i lyfor rasande vind og storm.
10 Herre, forvirr dei og kløyv deira tungemål!For eg ser vald og strid i byen.
11 Dag og natt går dei ikring på bymuren.Innanfor er ugjerning og urett.
12 Øydelegging rår der inne,svik og vald vik ikkje frå torget.