5 Eg stolar på Gud, eg prisar hans ord.Eg stolar på Gud, eg er ikkje redd.Kva kan vel menneske gjera meg?
6 Dei vrir på orda mine dagen lang,dei tenkjer berre på å skada meg.
7 Dei slår seg saman og ligg på lur,dei vaktar mine steg,ventar berre på å ta mitt liv.
8 Skal dei sleppa unna med sin urett?Støyt folkeslag ned i din vreide, Gud!
9 Du har talt mine heimlause steg,mine tårer har du samla i di lêrflaske.Står det ikkje i di bok?
10 Difor må fienden dra seg tilbakeden dagen eg ropar.Det veit eg, at Gud er med meg.
11 Eg stolar på Gud, eg prisar ordet,eg lit på Herren, eg prisar ordet.