5 Sjølv ligg eg midt mellom løversom vil sluka menneske.Tennene deira er spyd og piler,tunga er eit kvast sverd.
6 Vis deg høg over himmelen, Gud,vis din herlegdom over all jorda!
7 Dei la ut eit nett for mine føter,dei pressa meg ned.Dei grov ei fallgrav for meg,men sjølve fall dei ned i grava. Sela
8 Mitt hjarte er roleg, Gud,roleg og trygt.Eg vil syngja og spela.
9 Vakna, mi ære,vakna, harpe og lyre!Eg vil vekkja morgonròden.
10 Eg vil takka deg mellom folka, Herre,lovsyngja deg mellom folkeslag.
11 For di miskunn når til himmelen,din truskap til skyene.