1 Til korleiaren. «Øydelegg ikkje!» Ein miktam. Av David.
2 Talar de verkeleg rett, de mektige?Dømmer de rettferdig, de menneske?
3 Nei, frå hjartet ber de fram urett på jorda,med hendene spreier de vald.
4 Frå fødselen av er dei urettferdige på avvegar,heilt frå mors liv fer løgnarane vill.
5 Deira gift er som ormegift,dei liknar ein orm som er døv,han lèt att øyra
6 og høyrer ikkje på han som kviskrar,på han som er kunnig til å mana.
7 Gud, knus tennene i deira munn, Herre, bryt tanngarden sund på løvene!