5 Deira gift er som ormegift,dei liknar ein orm som er døv,han lèt att øyra
6 og høyrer ikkje på han som kviskrar,på han som er kunnig til å mana.
7 Gud, knus tennene i deira munn, Herre, bryt tanngarden sund på løvene!
8 Lat dei kverva slik vatn renn vekk!Lat dei berre spenna bogen,pilene er utan kraft.
9 Lat dei bli lik snigelen som løyser seg opp i slim,lik den dødfødde som aldri såg sola.
10 Før grytene kjenner varmen frå tornekvistene,blæs han dei bort, dei friske som dei brennande.
11 Den rettferdige skal gleda segnår han ser at han får hemn.Han skal vaska føtenei blodet av dei urettferdige.