10 Min styrke, eg ser etter deg,for Gud er mitt vern.
11 Min Gud møter meg med miskunn,han lèt meg sjå ned på mine fiendar.
12 Drep dei ikkje, for då gløymer folket.Styrt dei med maktså dei må flakka omkring, Herre, vårt skjold!
13 Orda dei har på leppene,er synd frå deira munn.Lat dei fangast i sitt hovmod!Dei talar forbanning og løgn.
14 Gjer ende på dei i din harme,gjer ende på dei, så dei ikkje meir er til.Så skal dei skjønaat det er Gud som rår i Jakob,heilt til endane av jorda. Sela
15 Dei kjem att kvar kveld,dei hyler som hundarog går rundt i byen.
16 Dei flakkar om etter mat,dei knurrar om dei ikkje blir mette.