3 Ver meg nådig, Herre, for eg er kraftlaus.Læk meg, Herre, kroppen skjelv av redsle,
4 mi sjel er gripen av frykt. Herre, kor lenge?
5 Vend deg hit, Herre, og fri meg ut,frels meg i di miskunn!
6 Kven av dei døde kallar på deg?Ingen i dødsriket prisar deg.
7 Eg er trøytt av å klaga.Eg dynkar mitt leie med tårer kvar natt,senga dryp av gråt.
8 Mitt auge er sløvt av bitter sorg,aldra fordi mange står imot meg.
9 Bort frå meg, alle de som gjer urett!For Herren høyrer min gråt.