3 Gud, du har støytt oss bort og knust oss.Du var harm. Reis oss opp att!
4 Du lét landet skjelva og rivna.Læk brestene, for landet vaklar.
5 Du lét folket ditt sjå harde tider,gav oss vin så vi tumla.
6 Du reiste ei fane for dei som fryktar deg.Dit kan dei rømma for bogen. Sela
7 Hjelp oss med di høgre hand, svar meg,så dine kjære kan bli berga.
8 Gud har tala i sin heilagdom:«Med jubel vil eg dela ut Sikem,Sukkot-dalen vil eg måla opp.
9 Mitt er Gilead og mitt er Manasse,Efraim er hjelmen på mitt hovud,Juda er min styrarstav.