5 Du lét folket ditt sjå harde tider,gav oss vin så vi tumla.
6 Du reiste ei fane for dei som fryktar deg.Dit kan dei rømma for bogen. Sela
7 Hjelp oss med di høgre hand, svar meg,så dine kjære kan bli berga.
8 Gud har tala i sin heilagdom:«Med jubel vil eg dela ut Sikem,Sukkot-dalen vil eg måla opp.
9 Mitt er Gilead og mitt er Manasse,Efraim er hjelmen på mitt hovud,Juda er min styrarstav.
10 Men Moab er mitt vaskefat,på Edom kastar eg sandalen.Hyll meg, Filistarland!»
11 Kven fører meg til festningsbyen,kven leier meg til Edom?